Hamsehytta

Trimposten Hamsehytta ligg i Hamsedalen ikkje langt frå råsa til Danskehytta. Følg den merka råsa som startar ved brua i Hamsevika og går på austsida av elva Hamsa i retning Danskehytta. Etter ca 250m tek ein av frå den merka råsa og følgjer ei umerka rås i ca 500 m i nordleg retning over ei myr til Hamsehytta. Hamsehytta er avmerka på «Turkart Skjåk» og er ein fin familietur.