Billingen Skjåk – 2012
Fellesturen i år gjekk til Billingen i Skjåk.
Vi gjekk ein rundtur frå Billingen til Utleggsbrua over Tora, og vidare til Steinbrua som går over elva Føysa.
Utleggsbrua er truleg frå 1700-talet om ikkje tidlegare. Steinbrua er det naturen sjølv som har laga ved at ein stor stein har kilt seg fast der gjølet på elva er smalast.
Ein fin tur som kan anbefalast.