Aursjøen Skjåk – 2011
Laurdag 3.september gjekk årets tur i regi av hytteforeinga av stabelen. Som annonsert, gjekk vi kulturstigen ved Aursjøen.
Mellom 15-20 turgåarar møtte opp og fekk ein flott og lærerik tur.
Med oss på turen hadde vi Bjørn Dalen som guide. Han kunne fortelje historia til vassvegane langt tilbake i tid, om fanging av jaktfalk og mykje anna interessant om området og bygda.
Reinsdyr var vi også heldige å få sjå.
Etter turrunda samlast vi på Vannkraft Øst si hytte der vertskapet Ruth og Ivar Kummen tok imot oss med nysteikte vaflar og «verdast beste» trollkrem.
Trur at i alle fall damene i laget sikra seg den oppskrifta.
Stor takk til alle som gjorde sitt til at vi fekk ei flott oppleving.
Vi gler oss allereie til neste tur!