Påskebaluba 2018
Skjærtorsdag gjekk dei årlege påskeleikane av stabelen. I strålande solskin strøymde små og store til sletta. Det var stor deltaking i alle aldersgrupper i akekonkurransen, og ingenting å utsette på innsatsen. Vi talde over 70 små og store på sletta denne ettermiddagen. Gløgg og påskegodt gjekk med og det var mange som nytta seg av å grille pølser på bålpanna. Mykje godord om at dette må vi gjere igjen. Så då er det berre å legge planar for neste påske. Premiane vi hadde til utdeling var gitt av Sparebank1 Søre Sunnmøre, Findus og Brunvoll Volda.