Vegdugnad på Gamle Geirangerveg – 2005 – 2012 – 2013
Det har i løpet av åra vore fleire dugnadar på Gamle Geiranger. Vegen er mykje brukt, og grusvegen får hard medfart av snøsmelting og store nedbørsmengder.
Til alle dugnadane har kommunen halde grus, og hytteeigarar har stilt med traktor, bil med hengar og arbeidskraft.
Mange ivrige har velvillig møtt opp og teke del i vølinga av vegen. Arbeidet har gått radig unna, og økta har ofte blitt avslutta med sosial samling med grilling, god drikke og triveleg prat.