Aktuelt frå hytteforeininga

Brøyting av parkeringsplassen

Breidablikk Hytteforening har for vintersesongen 2023-24 inngått avtale om vedlikehald og brøyting av parkeringsplass på vestsida og tilkomstveg frå RV15. Snuplassen på austsida i Hamsevika blir òg brøyta.

Vi oppmodar alle hytteeigarar til å betale inn for vedlikehald og brøyting av parkeringsplass og tilkomstveg frå RV15.

NB!! Husk å sjekke om det er kolonnekøyring på RV15 før ein køyrer ut på vegen.

Kontakt Trafikktlf 175 for informasjon om vegen.

Styret i hytteforeininga

Nye medlemar vart valgt til det nye styret 2.9.2023, og du kan sjå samansetninga og kontaktdata til styret under «om oss».

Trekning av trimpostane

Dei heldige vinnarane av gåvekort på kr 500,- vart kunngjort på medlemsmøtet i september 2023:

  • Viahøi: Gunnar M. Bakke
  • Hamserunda: Roger Howden
  • Hamsehytta: Håkon B. Bøe

Vi gratulerer!

Skjåk Turløyper

På Facebook-sida til Skjåk Turløyper finn du alltid oppdatert informasjon om oppkøyrde løyper. Du kan støtte Skjåk Turløyper ved å gi eit bidrag til konto: 2085.26.57554 eller vipps 506023.

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Har du huska feiing og tilsyn med med fyringsanlegget på hytta?

Ta kontakt med Bjørn Sverre Tengesdal på tlf 95 98 99 42 for å gjere avtale.

Avfallscontainer

Husk at avfallscontaineren på parkeringsplassen er kun for hushaldningsavfall. Grovavfall og kvitevarer m.m. skal leverast til miljøstasjonen i Bismo.

Bandtvang for hund

Skjåk kommune praktiserer utvida bandtvang. Det er mellom anna bandtvang i preparerte og merka skiløyper frå desse vert preparert til 31.mars, deretter er det generell bandtvang frå 1. april – 20. august, og utvida periode i hyttefelta i kommunen frå 21. august til 15. oktober.

Sommarbrev 2021

Sommaren har kome til Breidalen. Mange vil feriere i Norge i år også, så hyttene våre vil nok bli flittig brukt. Med lite snø i fjella i år så kan vi håpe på at vatnet i kulpane i Hamsedalen blir varmare enn i fjor og naturen rundt er like fantastisk som den alltid har vore.

Dugnad & Trivsel

Godt oppmøte til dugnaden som også vart ei triveleg sosial stund med god prat og kaffipause i sola.

Sommarbrev 2020

Sommarbrevet er sendt ut til alle medlemmane på e-post, du kan også lese brevet frå linken under:

https://mailchi.mp/b9387d66f1bb/sommar-2020-medlemsinfo-1562136

Påskebrev 2020

God Påske! Det er sendt ut Påskebrev på e-post til medlemmane i hytteforeninga. Du kan også lese brevet frå linken under:

https://mailchi.mp/e70e1d102022/paska-2020-medlemsinfo-1529540

Jakt og fiske

For å drive jakt og fiske i området er det nødvendig å kjøpe fiskekort og jaktlisens.

Fiskekortet gjeld for svært mange vatn i området til Skjåk Almenning. Les meir om ulike jaktløyver og kjøp på www.inatur.no.

Flora og fauna i Breidalen

Området i Breidalen og Hamsedalen har ein rik flora og fauna. Vi samlar bilete av plantar, dyr og fuglar som er observert i området.

Vegdugnad 2018

Lørdag 13. oktober 2018 møtte om lag 30 personer opp på parkeringsplassen og lyste av arbeidsglede.  Ryddesakser, motorsager, spader, og trillebårer var klare til å bli tatt i bruk. Planlagt arbeid ble gjennomført og vel så det! Resultatet ble en Gamle Geirangerveg som var farbar igjen….

Ymse aktivitetar og turar

Dugnad og trivsel 2020Dugnadar

Det var ein god gjeng som møtte opp til dugnad laurdag 3. oktober 2020. På programmet stod arbeid med å klippe, sage og rydde kratt frå vegkantane langs Gamle Geirangerveg, og fylle grus i dei mange holene i vegen. Greinsakser, spadar og river vart flittig brukt, Oddvar stilte med motorsag og tok ned fleire tre […]

Les meir

Vegdugnad Haust 2018Dugnadar

  Lørdag 13. oktober var tillyst dugnadsdag i Hamsevika.  Før dagen oppsto var det striregn og storm i vindkastene og det spøkte med hensyn til gjennomføring av planlagt arbeid.  Det ble ikke lettere da dugnadsgeneralen Tor Hole sendte SMS om at han ikke kunne komme da veien ble sperret av ras.  Mange tenkte at vi […]

Les meir

Påskebaluba 2018Aktivitetar

Skjærtorsdag gjekk dei årlege påskeleikane av stabelen. I strålande solskin strøymde små og store til sletta. Det var stor deltaking i alle aldersgrupper i akekonkurransen, og ingenting å utsette på innsatsen. Vi talde over 70 små og store på sletta denne ettermiddagen. Gløgg og påskegodt gjekk med og det var mange som nytta seg av […]

Les meir

Webkamera i området