|
|

|
|
Breidablikk hyttefelt ligg ved riksveg 15 i
Breidalen i Skjåk kommune, fem kilometer vest for
Grotli. I hyttefeltet er det om lag 80 hytter.
Breidalen med sin storslåtte natur er eit fint
utgangspunkt for flotte fjellturar, sommar som
vinter. Skiglede kan du nyte halve året. Frå
hyttefeltet som ligg vel 900 meter over havet er du
nærmast midt i terrenget for villreinjakt, rypejakt
og fiske.
Breidablikk hytteforeining
vart stifta i 2005. Formålet for hytteforeininga er
å skape trivsel for hyttefolket og tilreisande, der
omsynet til natur og miljø ligg i botnen.
|
|
|
INFO :
|
Transport i fjellet
Tafjord Kraftproduksjon
AS (TKP) holder nå på å
forberede bygging av Via
Kraftverk ved Viavatn i
Tafjordfjellene.
Transport blir av
praktiske årsaker gjort
fra Hamsevika og innover
Hamsedalen til
anleggsområdet som ligg
rett vest for Heimste
Viavatn. TKP har
hatt dialog med Skjåk
Kommune og Skjåk
Allmenning, og
nødvendige tillatelser
er innhentet.
Entreprenøren Cristhie
og deres underleverandør
er allerede i gang med
transport av rør og
lettere utstyr. Dette
arbeidet vil pågå i
tiden frem mot påske.
Utstyret som fraktes opp
på fjellet i denne
perioden vil være rør,
gravemaskiner og annet
anleggsutstyr.
Transporten blir
gjennomført ved hjelp av
tråkkemaskiner og sleder.
Det blir også noe
helikoptertransport og
scooter trafikk.
Størsteparten av
transport av utstyr og
maskiner vil bli
gjennomført på denne
måten og vi er derfor
avhengig av snø i
fjellet for å kunne
gjennomføre arbeidet.
Transport av tyngre
deler som turbin og
generator vil bli
gjennomført våren 2013.
Vennlig hilsen
Kari Løken
informasjonssjef
Tafjord Kraft AS
+47 70 10 07 29
+47 97 48 26 42
kl@tafjordkonsern.no
|
|
Kan vere greitt
å merke seg før ein
reiser på hytta
RV 15
Strynefjellet
Oppland, Sogn og
Fjordane - Redusert
framkommelighet
Kan bli stengt i
perioder på inntil 5
timer på grunn av
vedlikeholdsarbeid i
periodene: Mandag til
lørdag fra 06:00 til
18:00. Gjelder fra
26.01.2012 til
15.05.2012.
Åpen for kolonnekjøring
fra vest ca kl 10:15,
13:00 og 15:45. Retur
fra øst ca kl 10:45,
13:30 og 16:15. Siste
kolonne fra øst ca kl
17:15.
|
|
|
Ønskjer nokon av
hytteeigarane i
Breidablikk vintertilsyn
av hytta si, eller treng
du andre tenester?
Sjå kva
Skjåk Hytteservice
kan tilby oss:
VINTERTILSYN
og
ANDRE TENESTER |
|
Med
hytteforeininga på
triveleg og lærerik tur
til Aursjøen (Sjå) |
|
Laurdag 3.september
gjekk årets tur i regi
av hytteforeinga av
stabelen. Som annonsert,
gjekk vi kulturstigen
ved Aursjøen. Mellom
15-20 turgåarar møtte
opp og fekk ein flott og
lærerik tur. Med oss på
turen hadde vi Bjørn
Dalen som guide. Han
kunne fortelje historia
til vassvegane langt
tilbake i tid, om
fanging av jaktfalk og
mykje anna interessant
om området og bygda.
Reinsdyr var vi også
heldige å få sjå. Etter
turrunda samlast vi på
Vannkraft Øst si hytte
der vertskapet Ruth og
Ivar Kummen tok imot oss
med nysteikte vaflar og
"verdast beste"
trollkrem. Trur at i
alle fall damene i laget
sikra seg den
oppskrifta. Stor takk
til alle som gjorde sitt
til at vi fekk ei flott
oppleving.
Vi gler oss allereie til
neste tur!
Bilde frå turen |
|
|
Markering av at Hamsehytta no er ferdig restaurert |
|
Det vart ei triveleg stund for dei frammøtte ved
Hamsehytta laurdag 13.august. Veret var strålande så
dei fleste samla seg ute i det fri. Det vart
grilling ute, medan nokre testa peisen i hytta til
pølsespidding. Bjørn Dalen frå Skjåk møtte også opp.
Han takka hytteforeininga med leiaren i spissen for
innsatsen og overrekte han eit skilt i messing med
inskripsjon .(Sjå bilde) Dette skal få plass i
hytta. |

Kjekt når vergudane er på vår
side! |

Her tek Jan Henning imot
skiltet frå Bjørn Dalen |

Dei ventar ikkje forgjeves
karane til venstre som ventar på noko godt!
|

|
|
KUNSTEN Å FLYTTE EI HYTTE
Sjå
bilda her |
 |
Bli med på tur til Vikhø-Flåtåtjønn kulturstig!
Også i år vert det tur i regi
av hytteforeininga. Turen er lagt til
laurdag 3.september, same dag som årsmøtet
vårt.
Turen går til
kulturstigen på Aursjoen. Vi startar frå Vikhøi
nørst på Aursjoen kl 11. Vi brukar
vel 2-3 timar på turen rundt. Vi har fått låne hytta
til Vannkraft Øst der det blir servering av kaffi og
vaflar når turdeltakarane er ferdige med turen.
Orientering om turen finn ein ved å klikke seg inn
på ” På tur i Skjåk” i venstre marg på denne sida.
Når du får fram kartet, klikkar du på skiltet under
Aursjøen, og du kan lesa om turen
Vikhø- Flåtåtjønn kulturstig,
eller les
om turen her.
Vi håper at mange vil vere med også denne gongen og
ønskjer VEL MØTT!
|
Tårnfalkunge på reiret
Tårnfalkungane
er no så store at dei kjem ut av reiret og sit på
kanten. Vanskeleg å seie kor mange ungar der er, men
dei er snart like store som foreldra.
|
 |
Stor
byggeaktivitet i
hyttefeltet
Feriertid? Ikkje
alle har ferie, ser
det ut til. Fleire
store maskiner og
lastebilar er i
sving. Nokre
hytteeigarar nyttar
sommardagane til å
flikke på
eksisterande vegar,
og andre får gleda
av heilt ny veg fram
til hyttene sine.
|
 |
 |
|
To nye turpostar er komne på plass
To nye
postar er no på plass, ein på
Viahøi , på kanten ned mot
Breidalsvatnet(sjå bilde t/v) og ein ved brua i
Hamserunda. Den tredje er allereie ved
Hamsehytta og ein fjerde post vil kome ved
Kjerringtjørn om ikkje så lenge. Skriv deg inn i
bøkene med dato, namn og gjerne klokkeslett. Kanskje
kan vi også få til ei årleg trekning med ei lita
overrasking, blant namna i dei ulike bøkene.
|

Bodil Berge ved posten
på Viahøi... |

...og ved posten i
Hamserunda
|
|
Øydelagd bru til
hinder for trygg
kryssing av elva
Den øydelagde brua
inst i Hamsevika
gjer det nesten
umogleg å følgje
stien til
Danskehytta , eller
ta Hamserunda utan å
få problem her. Når
elva går så stri som
no, er det ikkje
mykje som skal til
før ein hamnar uti.
Vi får håpe at noko
kan bli gjort i år
for å reparere den
øydelagde brua.
|
 |
 |
|
Nytt frå :

Her kan de lese dei siste dokumenta frå Sjåk Kommune
vedrørande reguleringa av hyttefeltet
* Reguleringsplan
for Breidablikk-kart
*
Endring av reguleringsplan for Breidablikk
*
Melding om vedtak: Endring av reg.plan for
Breidablikk 2010. Godkjenning i komm.styret.
 |
Kjekt å kunne studere
hekkande
tårnfalkpar på nært hald
For første gong har eg sett tårnfalk her i
Breidalen. Ekstra artig er det å følgje med på
kurtisen, jakt på bytte og inntrengjarar og
opphaldet deira ved reiret.
Bileta
er noko uklare då eg måtte halde god avstand for
ikkje å uroe dei i særleg grad.
Sjå fleire bilde her |
 |
 |
Post1: Hamsehytta
Regnversdagen i påska vart nytta til ein tur til Post 1 i Hamsehytta. Bodil og Malvin Berge hadde fått "postkassa" på plass, og små og store kunne skrive seg inn. Noko krøbelt var det å kome seg inn i hytta, men peisen varma og pølsene smakte godt. Eit triveleg alternativ for ungane!
|
 |
 |
 |
 |
|
|
HAMSERUNDA!
|
 |
Skulle ha meg ein snartur inn i Hamsedalen for å sjå
nyebrua over elva. Gjekk innover frå hyttefeltet
lengst vest i feltet. Håpa brua var lett å få auge
på. Opp på høgda fekk eg auge på dette skiltet.
Skjøna straks at her hadde nokon vore i "aktivitet".
No var det berre å følgje merka løype vidare. Då eg
til slutt kom nedatt på vegen inne i Hamsevika, var
det skilta på begge sider av brua med "Hamserunda".
Ei flott rute både for ein rask trim eller ein fin
familietur.
Kom og ver med på runda !
|
No
kan du krysse Hamsa tørrskodd!
Den etterlengta brua
over Hamsa er no koma på plass. Mellom 1.-og
2.Hamsevatnet har Alfred og Elias Sperstad og Tor
Bruland bygd denne flotte trebrua. No ligg det til
rette for å ta ein fin rundtur langs elva. Dette
vart verkeleg kjekt for oss alle.
|
Tor og Elias i fullt arbeid med brua
|

Her testar Elias og Alfred "verket"
|
|
|
|
 |
Vi har sett
"kroken" på døra!
Hamsehytta står no
fram ferdig og klar
til bruk for dei som
måtte ønskje å ta
ein tur inn. Sidan
siste dugnaden, har
nokre eldsjeler
gjort ferdig
peisen/pipa, golvet
og døra.
Sjå siste bilda her!
|

Vellukka og triveleg tur til Knivsflå.
Sjå meir her!
|
|
|
|
|
|
|
Nytt:
Ta med deg gode
venner og prøv ut den fine plassen vi har i
nærområdet vårt!
Sjå
her!
|
 |
|
Fellestur til
Knivsflå i Geiranger
søndag 8.august 2010
Hytteforeininga legg
opp til ein
fellestur til
Knivsflå for
interesserte
medlemmer med
familie og venner
8.august. Astrid og
Kjetil Knivsflå er
lommekjende i
området og vert med
og "losar" oss opp.
Oppmøte ved
Geiranger Kai ved
Turistinformasjonen.
Avreise frå
Geiranger kl. 09.30.
Det er høve til
retur : kl.13.00,
16.00 og 18.30
For felles tinging
av plass på M/S
Geirangerfjord,
ønskjer vi å få
oversikt over talet
på deltakarar innan
10 dagar før turen.
Send e-post til:
erjoru-e@online.no
,eller sms/telefon
til 97086194 eller
91588160 med namn og
talet på deltakarar
i ditt følgje.
VEL MØTT!
Sjå bilde og info om
turen til garden
Knivsflå her
Meir
info:
http://www.geirangerfjord.no/
|
|
Forslag til endring
av reguleringsplan for Breidablikk
NB:
Merknader til planen
skal vere Skjåk kommune i hende innan 15.juni 2010

Sjå:
REGULERINGSPLANEN
PLANKART
|
|
Til hytteforeningane
Miljø- og næringsutvalet har nå vedteke eit førelegg
til ein hytteeigar i Grotli med ulovleg
vassforsyning.
Vedtaket kan ha allmenn interesse for hytteeigarane
og det kan sikkert ha preventiv verknad dersom det
blir opplyst t.d. på heimesidene at det blir reagert
på ulovleg vassforsyning.
Her er vedtaket:
Miljø- og næringsutvalet ynskjer å slå hardt ned på
dei som bryt reguleringsbestemmelsane for Grotli
m.o.t. innlagt vatn, og vedtek at det blir utferdiga
eit forelegg på kr. 15.000,- for brot på
reguleringsbestemmelsane for Grotli.
Vedtaket er gjort med heimel i § 114 i Plan- og
bygningslova.
SKJÅK
KOMMUNE
Per Dagsgard
Leiar Plan, samfunn og Miljø
T 61217022 M 9598994
|
|
Tru
det eller ei, vi kom i mål! |
|

Laurdag 5.september
gjekk
hytteforeininga sitt
prosjekt med å
restaurere
Hamsehytta i mål
innan den planlagde
tida. No står det
att kunn nokre
"finjusteringar" som
vi tek til våren.
Resultatet vart
kjempeflott, synest
vi. Styret vil takke
alle dei
entusiastiske og
dyktige medlemmene
som har teke del og
gjort ein flott
innsats for å få
dette prosjektet "i
boks". Knakande
kjekt og sosialt har
det forresten også
vore! Vi ser fram
til at dette kan
verte ein triveleg
møteplass i tida
framover.
Sjå bilda her |

 |
Flott
framgang på
dugnadsarbeidet.
Dugnaden på
Hamsehytta vart
avvikla laurdag
22.08.09 i flott
dugnadsver som
tidlegare, og med
mange frammøtte.
Steintaket er no
kome på plass.
Laurdag 05.09.09 er
det duka for ny
innsats. Vi har sett
oss som mål å få på
resten av taket.
Ta difor med
spade, grafse og
bytte.
No skal det lempast
mold og torv.
Sjå bilde frå
dugnaden her |
"MAKEOVER" på 1-2-3
Torsdag 6.august
gjekk ein liten
gjeng entusiastiske
hyttefolk i gang med
ein liten "makeover"
på buda vår på
parkeringsplassen.
Det var langt frå
"ekstrem oppussing"
som vi ser så mykje
av på TV, men
resultatet vart bra.
Litt knapt med beis,
men resten kjem nok
på om ikkje så
lenge.
|
  
Før Dugnadsgjengen
Etter
|
|
|
NB: Les brev frå
fylkesmannen i Oppland:
"Private vannposter i hytteområde"
OLA-BU, eit kjent og nytta
turmål for mange i hytteområdet vårt.
Anna og Tor Bruland har skrive ned historia
til denne hytta på heimesida til Skjåk Hytteservice.
Sida er verkeleg verdt eit besøk så eg tillet meg å
legge inn ei lenke dit:
OLA-BU

"Hyttedo til
besvær" |
Informasjon frå Skjåk
kommune
Hytteforeininga vår
har fått tilsendt eit info-skriv frå Skjåk
kommune vedrørande vakumtoalett på hyttene.
Skjåk Hytteservice har fått eit likelydande
skriv som de finn på heimesida deira. Viktig
at dei som har planar om nytt hyttetoalett
,eller som allereie har sett inn
vakumtoalett les denne informasjonen.
Her er linken til skrivet
|
Vellukka dugnad igjen
Laurdag den 20.juni var det
igjen duka for dugnad på Hamsehytta. Som tidlegare
var vergudane på vår side, og arbeidet gjekk unna
med liv og lyst. Det var ikkje så mange frammøtte
som sist, men akkurat nok til at handteringa av dei
tunge takåsane gjekk greitt.
God mat og drikke stod klart då karane tok ein
velfortent pause. Då var det meste av arbeidet
ferdig for denne gong."Trudde ikkje vi skulle kome
så langt i dag," var ein av kommentarane.
Sjå fleire bilde her.
|
| |
| |
| |
 |
| |
 |
FIRFISLE
Firfisla ( Lacerta vivipara)er også å finne i
Breidalen. Firfisla er den eine av våre to
norske øgler. Den andre er stålormen. Dei er
ikkje lette å få auge på så det er som regel eit
husdyr som får kloa i dei. Denne kom katten vår
med.1.juni. Heldigvis gav han den godvillig frå
seg. Eg fekk så vidt knipsa eit par bilde før ho
vart borte i graset. Trur ho kom frå kattegapet
utan alvorlege skader. Dette er første gongen i
løpet av 20 år at eg har sett firfisle her i
Breidalen.
Dei er i følgje viltlova §3
freda.(fredingsprinsippet)
|
|
|
Medan våren
gjer sitt inntog i Breidalen, er karane i Skjåk
Hytteservice på oppdrag i Hamsevika.
Sjå og
les meir her

|
| |
NB: Sjå
forslaget til regulering av vegane i
Breidablikk
hyttefelt ved
å klikke på kommunevåpenet.
|

Bilde av
Hamsehytta frå 1984-85
Klikk her
|
Per Dagsgard, leiar i Plan, samf.
og miljø i Skjåk, har sendt oss dette biletet, kart og
ei interessant historie knytt til Skomakarsteinen (ligg
ved som pdf-fil). Plasseringa på kartet er berre
omtrentleg, men steinen og varden er lett å finne,
fortel Dagsgard.
Kartet og historia finn du her.

Skomakarsteinen
|
Sjå Power Point-presentasjonen
"Prøvefiske i Breidalsvatnet"
av John Lilleengen
|
Nok ein vellukka dugnadsdag !

Laurdag 06.09.08 gjennomførte
hytteforeininga nok ein vellukka dugnadsdag på
prosjektet vårt i Skomakardalen. Mange hadde funne vegen
inn også denne fine dagen, og arbeidet gjekk unna. Dette
vert nok siste dugnaden her inne på ei stund. Det vart
litt mangel på steinheller, men under gravingsarbeidet
på vegen, dukkar mange fine steinar opp. Desse vil vi
prøve å samle saman og legge til side. Til våren kan vi
få dei frakta inn med snøscooter saman med takåsane.
Styret takkar alle frammøtte for god innsats.
Her ser de siste bileta frå
arbeidet.
|
|
To dugnadsdagar på
Skomakargamma er unnagjort!
|
Etter første dugnaden som var 28.juni, såg det slik ut
ved Skomakargamma.
Les meir om dugnadsarbeidet her! |
Dugnadsdagar på Hamsehytta
Det vert
dugnad på følgjande datoar: 28.juni, 16.august og
6.september med oppstart alle dagar kl.10.
Den første dugnaden 28.juni vert meir som ei synfaring/
planleggingsdag. Dei to andre i august og september blir
dugnadsdagar med servering til dugnadsgjengen. Styret
bed alle merke seg datoar og klokkeslett. Håper mange
kan delta på ein eller gjerne fleire av dagane. Dette
kan bli både sosialt og triveleg. Ta på deg
dugnadshatten og møt opp!
|
Gjeldande reguleringsbestemmelser
i Breidablikk hyttefelt
Les her
Reguleringsplan
for hyttefeltet
(Kartet er i pdf-format så
du treng Adobe Reader. Obs: Det tek lang tid å opne
dette dokumemtet)
Reguleringsendring: Alle med tomter som det er bygd på,
fekk stemmesetlar. 42 sende inn sine stemmer. Resultatet
vart 35 for reguleringsendring 7 mot.
|
Når snøen legg seg så kvit og lett bort i bakken...
Kva
med hyttene då?
|
|
Omsøkte midlar
til restaurering
av
Hamsehytta i boks!
På
styremøtet i Norsk Kulturminnefond den 30.11.07
vart
søknaden av 10.08.07 om tilskot til restaurering av
Hamsehytta innvilga. Hytteforeininga skal ikkje ha
utgifter utover det dei har søkt om. Dersom prosjektet
viser seg å bli dyrare , vil kommunen prøve å finne
andre tilskotskjelder.
Hytteforeininga sitt bidrag i dette
prosjektet blir dugnadsarbeid. Her håper vi flest mogleg
melder si interesse når det vert lyst til dugnad. Ein
reknar med at arbeidet vil gå over 2-3 år. Somrane er
korte her i Breidalen, men kanskje kan vi i 2008 greie å
ta ned taket.
Ønskjet er i alle fall at
dette skal bli ein triveleg arena for fellesskap og
sosiale
samkomer
både i arbeidsperioden og
ved seinare høve.
For å vere litt i forkant:
Er det
nokon i hytteforeininga som har ein stubbebrytar? Det er
vel eit godt hjelpemiddel
når taksteinane
skal flyttast.
PS: Ikkje farleg! Vi har fått låne ein stubbebrytar.
|
Brøyting i hyttefeltet
Mange har
merka seg og gitt uttrykk for dårleg brøyting i
hyttefeltet. Dette har sin grunn i dårleg vêr og
kapasitet. I slike tilfelle vert nok ikkje denne
brøytinga prioritert. I løpet av månaden vil ein ny
avtale mellom Mesta AS og Skjåk kommune vere på plass.
Vi kryssar fingrar for at dette då vil kome i orden. Det
har allereie kome ein god del snø i området.
|
|
Restaurering
av Hamsehytta
Hamsehytta vart bygd i dei første
åra det var fjellstugumann ved Grotli rundt 1840-60. Ho
er etablert av den norske stat som husvære for reisande
over fjellet til Geiranger. I 1860-åra vart Grotli
fjellstugu bygd og i
1906 Grotli
høgfjellshotell. Litt lenger nede ligg Heillstugu som
eit sælehus frå middelalderen. Ein finn såleis i dette
område fire generasjonar av overnattingshus
på fjellovergangen.
Les
meir

Ved
Hamsehytta
Til toppen av sida
|
|
|