Utsyn frå Viahøi

Styret
Møtereferat
Årsmeldingar
•Gjestebok
•Vedtekter
Diverse skriv
AKTIVITETSPLAN            2015
.       flora

  Floraen i Breidalen

      fauna
 Faunaen i Breidalen
◊ Bilde frå dugnadene på Hamsehytta

Nyttige lenker

Webkamera Breidablikk
PÅ TUR I SKJÅK
Statens vegvesen
Skjåk Kommune
Aktiv i Skjåk
Fjord1
Vegrapport-Rv 15
Vêrvarsel -Breidalen
Snølista til Yr.no
Webkamera på Grotli
Webkamera i Breidalen (Oppljostunnellen).
Webkamera RV15-Grasdalen aust
Webkamera RV15-Grasdalen vest
Webkamera i Bismo
Webkamera Geiranger
Grotli Hytteforening

HYTTEFOREININGA SINE FELLESTURAR:
Knivsflå 2010
Aursjøen 2011
Billingen 2012
Skageflå 2013
Kolbeinsvatn-Hamsedalen 2014
 

     Norge i bilder
 
 
 Oppdatert       21.11.2016


Fine turmål i nærområdet:


Hamserunda

Hamsehytta i Skomakardalen
Hamsedalen
 Viahøi med utsikt til Hamsedalen med Hamsevatna.
Kjerringtjørn
Fisking og kaffikoking ved Kjerringtjørna
Kjeringtjørn

Kolbeinsvatn
Til Kolbeinsvatnet frå Geirangervegen,tilbake Hamsedalen


Frå Billingen til Steinbrua
Velkomen til Breidablikk hytteforening si heimeside!
                                    
introbilde

Breidablikk hyttefelt ligg ved riksveg 15 i Breidalen i Skjåk kommune, fem kilometer vest for Grotli. I hyttefeltet er det om lag 76 hytter. Breidalen med sin storslåtte natur er eit fint utgangspunkt for flotte fjellturar, sommar som vinter. Skiglede kan  du nyte halve året. Frå hyttefeltet som ligg vel 900 meter over havet er du nærmast midt i terrenget for villreinjakt, rypejakt og fiske.
Breidablikk hytteforeining vart stifta i 2005. Formålet for hytteforeininga er å skape trivsel for hyttefolket og tilreisande, der omsynet til natur og miljø ligg i botnen.

 

Info: Oppdatert liste over styret

Trekning av turbøkene 2016: Vinnarane vart
 Viahøi-Tordis Brandsar, Hamserunda-Bodil Berge, Hamsehytta-Harald Olav Barstad

Fellestur til Kjerringtjørn 3. september
Det var ingenting å klage over når det galt veret på den planlagde turen til hytteforeininga. Vi hadde ønskt oss litt betre oppmøte, men åtte personar var med på turen som gjekk om Hamsehytta og Skomakarsteinen. Eit par tok" snarvegen" opp langs Kjerringelva. Ein triveleg tur med prat, litt "soppundervisning" og ei god matykt. Alle kom nedatt i god tid til å gjere seg klare til årsmøte og buffet på Grotli Hotell
     
   
  Eit lite tilbakeblikk!(Fleire bilde her)
Denne påska arrangerte hytteforeninga vår aktivitetsdag for store og små på Skjærtorsdag ettermiddag. Vi heldt til på flata og i bakken rett aust om parkeringa. Mange hadde møtt opp, og det vart ei kjekke stund med ake-og hoppkonkurranse der deltakarane viste stor innsatsvilje. Grilling og varm gløgg smakte godt etter aktivitetane, og praten gjekk laust. Det var sjølvsagt  premieutdeling i begge greinene med fine premiar, påskegodt og artige ballongfigurar til alle.
Vi satsar på at endå fleire stiller neste påske. Eit kjekt arrangement der vaksne og ikkje minst ungane kan bli kjende med hyttenaboane sine  :-D


Vi har ein jobb å gjere, folkens!
Frå avfallsselskapet (NGR) får kommunen rett som det er tilbakemeldingar om at det har kome avfall i containerane eller ved sida av som ikkje skal plasserast der, men leverast på miljøstasjonen i Bismo. Som ei oppmoding til alle hytteeigarane, har kommunen sendt brev og bilde av tilhøva med info om bruk av avfallscontainerane i hyttefelta. Hytteforeininga oppmodar alle om å merke seg dette.
 

Misbruk av avfallscontainere i hyttefelta.

NGR-kommunane baserer hytterenovasjonen på utplasserte containere.

Desse skal berre brukast til hushaldningsavfall frå hytter.

Dei skal ikkje brukast brukast til grovavfall.

I containerane blir det lagt inn alt frå gamle sykler til bølgeblikkplater, utanfor blir det sett frå seg kvitevarer.

NGR får store straffegebyr dersom slikt avfall blir sendt vidare til forbrenningsanlegget i Trondheim. Dette kan føre til at NGR må sortere alt avfall, eller ha eigne ruter for sekkeavfall og containertømming. Begge delar vil fordyre renovasjonen vesentleg for heile NGR-området.

Det er difor i alle si interesse at vi får slutt på dette misbruket !


 Sjå bilda frå turen til Segestad her
Melding: Sommarbrevet finn du under "Diverse skriv"

Greitt å vite:

Mobildekninga har vore ei utfordring i Hamsevika. Dette gjeld spesielt mobildata, men også enkelte plassar for mobiltelefoni. Etter fleire dialogar med Telenor har dei ikkje kunna gi nokon plan for å gi betre mobildekning. Ein tilsvarande dialog med Netcom har resultert i etablering av 4G-dekning frå og med september månad. Etter ei tid med bruk av tenesta kan det stadfestast at det er høg stabilitet og at kapasiteten ligg i området 20-50Mb/s. Meir informasjon kan hentast frå Netcom på linken https://netcom.no/privat/mobilt-bredband

Vinnarane av gåvekorta :

Hamsehytta: Marianne Bjerke
Viahø: Asgeir Halse
Brua: Lisbeth Hovde

elgkalv
Ved Kollbeinsvatnet Hytteforeininga sin årlege fellestur
Laurdag 16.august gjekk den tillyste fjellturen til hytteforeininga av stabelen. Veret såg noko grått og uttrygt ut, men dei frammøtte såg lyst på det og la i veg. Dette angra ingen på for veret vart flott, mildt, blikkstilt og ikkje ein einaste regndrope. Brattaste kneika var frå hovudvegen ved Djupvatnet og opp til Kolbeinsvatnet der vi gjekk på traktorveg. Vidare gjekk turen i lett kupert terreng langs Kolbeinsvatnet til Kvitberghytta og ned Hamsedalen. Medrekna nokre kaffipausar og blåbæreting brukte vi 5-6 timar på turen.
Bildet: Ved Kolbeinsvatnet
Her ser du bilde frå turen
0

INFO:

Oppdatert AKTIVITETSPLAN og sommarbrevet finn du her under "Diverse skriv"


Kjekt treff på Hamsehytta!

Sjølv om det var lite folk på hyttene denne helga, møtte likevel ein
flott gjeng opp på den
"annonserte" dugnaden / sosiale samværet
ved Hamsehytta. Vergudane var på vår side nok ein gong, og det var opplett, stilt og fint. Dei frammøtte tok den sosiale biten først. Det
vart grilling, kaffi og triveleg prat. Ein liten bålplass vart laga og testa ut. Til slutt leita karane etter heller som dei fekk lagt ut på dei
våtaste plassane på stien. No kan vi stort sett gå tørrskodde opp til hytta. Seinare kan vi fylle på med fleire heller der vi ser det trengst.

Nokre bilde til her

Vegdugnaden gjennomført i strålande ver.
Når kommunen heldt grus, hytteeigarar heldt traktor, bil med hengar og arbeidskraft, gjekk vølinga av Gamle Geirangerveg unna på nokre timar. Dei to arbeidslaga starta arbeidet i kvar sitt område av vegen. Traktoren gjekk i skytteltrafikk mellom laga med forsyning av sand og grus. No kan alle som nyttar vegen, glede oss over ein betre veg. Tusen takk for innsatsen! 

Jord, stein og leire over vegen

Også denne våren sig leire, stein og jord ned skråninga ved hytta til Sogn og Fjordane Energi AS. Leire og stein har kome heilt over vegen, og her må maskiner til før vegen vert køyrande. Store steinar ligg opp i skråninga, og før eller sidan kjem nok dei også sigande ned. Her må nok mykje gjerast for å stoppe vidare utrasing.
Ras ras 2

Her
kan du nyte haustfargane i Breidalen   HAUSTFARGAR    





        Den første snøen!

Vi skriv 8.september 2012 og den første snøen
har alt lagt seg. Reknar med at det berre er ein
forvarsel på det som snart står for døra. Hadde håpa
på at blåbæra skulle få ein sjanse til å bli modne i alle fall.

Med ekte dugnadsånd kom brua på plass!









Hytteforeininga greidde nok ein gong å samle arbeidsvillige hyttefolk til dugnad for fellesskapet. Åtte staute karar sto klare til innsats ved "brua" laurdag morgon, og jammen vart dei ferdige i rimeleg tid ut på ettermiddagen. Resultatet vart flott og eit pluss for alle som ferdast i området.
Tusen takk for innsatsen!

Sjå bilda her!











Ny bru over elva i Hamsevika?...på dugnad...? Møt opp laurdag 18.august kl.11


Det har ikkje alltid vore like enkelt å kome seg over elva litt opp i Hamsevika etter at snø og is øydela brua der. No ønskjer vi å få orden på dette, og "lyser" til dugnad laurdag 18.august kl. 11. Vi har mange nevenyttige hyttefolk i området, og vonar at nokre kan møte opp med hammar og sag denne laurdagen.
Materiell elles er skaffa til vegs så no treng vi berre "rå" arbeidskraft til resten.
VEL MØTT VED BRUA !

PS: Er veret og lysta til stades, kan vi møtast ved Hamsehytta etter dugnaden til ei triveleg stund i lag.
Ta med det du eventuelt vil ete og drikke.


 DUGNADEN GJEKK SOM SMURT!
Laurdag 28.juli kl.15 var det tillyst dugnad på vegen gjennom hyttefeltet. Mange ivrige karar møtte opp, og arbeidet gjekk
unna i rekordfart. Kjekt å bli møtt med slik velvilje når arbeid
skal gjerast for fellesskapet. Vi får håpe at vegen held seg fri
for store hol ei god stund framover no.
Takk for innsatsen!


 Litt fleire bilde kan du sjå h
er
  
Sjeldan gjest i hytteområdet vårt

Denne fjellreven har vore på besøk fleire gongar  ved hyttene i den siste tida. Ingvild Bøstrand var heldig og fekk knipsa han ved to høve. Siste gongen ser han ut til å vere nokså tillitsfull og nysgjerrig. Det ser ikkje ut til å vere
den same reven som Jan Henning såg ved
Oppljostunnelen då øyremerkinga manglar. Kven veit, kanskje er her
ein heil revefamilie! Skal bli spennande å følgje med framover! Kom gjerne med med fleire bilde dersom nokon er heldige å få eit blinkskot.


 
INFO :
       
 

Ønskjer nokon av hytteeigarane i Breidablikk vintertilsyn av hytta si, eller treng du andre tenester?

Sjå kva Skjåk Hytteservice kan tilby oss: VINTERTILSYN  og ANDRE TENESTER


Med hytteforeininga på triveleg og lærerik tur til Aursjøen (Sjå)
Laurdag 3.september gjekk årets tur i regi av hytteforeinga av stabelen. Som annonsert, gjekk vi kulturstigen ved Aursjøen. Mellom 15-20 turgåarar møtte opp og fekk ein flott og lærerik tur. Med oss på turen hadde vi Bjørn Dalen som guide. Han kunne fortelje historia til vassvegane langt tilbake i tid, om fanging av jaktfalk og mykje anna interessant om området og bygda. Reinsdyr var vi også heldige å få sjå. Etter turrunda samlast vi på Vannkraft Øst si hytte der vertskapet Ruth og Ivar Kummen tok imot oss med nysteikte vaflar og "verdast beste" trollkrem. Trur at i alle fall damene i laget sikra seg den oppskrifta. Stor takk
til alle som gjorde sitt til at vi fekk ei flott oppleving.
Vi gler oss allereie til neste tur!

Bilde frå turen

   Markering av at Hamsehytta no er ferdig restaurert
Det vart ei triveleg stund for dei frammøtte ved Hamsehytta laurdag 13.august.
Veret var strålande så dei fleste samla seg ute i det fri. Det vart grilling ute, medan nokre
testa peisen i hytta til pølsespidding. Bjørn Dalen frå Skjåk møtte også opp. Han takka hytteforeininga med leiaren i spissen for innsatsen og overrekte han eit skilt i messing
med inskripsjon .(Sjå bilde) Dette skal få plass i hytta.

Kjekt når vergudane er på vår side!

Her tek Jan Henning imot skiltet frå Bjørn Dalen




Dei ventar ikkje forgjeves karane til venstre som ventar på noko godt!






   KUNSTEN Å FLYTTE EI HYTTE Sjå bilda her
   

Bli med på tur til Vikhø-Flåtåtjønn kulturstig!

Også i år vert det tur i regi av hytteforeininga. Turen er lagt til laurdag 3.september,
same dag som årsmøtet vårt.
Turen går til
kulturstigen på Aursjoen. Vi startar frå Vikhøi nørst på Aursjoen kl 11.
Vi brukar vel 2-3 timar på turen rundt. Vi har fått låne hytta til Vannkraft Øst der det blir servering av kaffi og vaflar når turdeltakarane er ferdige med turen.
Orientering om turen finn ein ved å klikke seg inn på ” På tur i Skjåk” i venstre marg
på denne sida.
Når du får fram kartet, klikkar du på skiltet under Aursjøen, og du kan lesa om turen
Vikhø- Flåtåtjønn kulturstig,
eller les om turen her.
Vi håper at mange vil vere med også denne gongen og ønskjer
VEL MØTT!



Tårnfalkunge på reiret

Tårnfalkungane er no så store at dei kjem ut av reiret og sit på kanten. Vanskeleg å seie kor mange ungar der er,
men dei er snart like store som foreldra.


Stor byggeaktivitet i hyttefeltet
Feriertid? Ikkje alle har ferie, ser det ut til. Fleire store maskiner og lastebilar er i sving. Nokre hytteeigarar nyttar  sommardagane til å flikke på eksisterande vegar, og andre får gleda av heilt ny veg fram til hyttene sine.


To nye turpostar er komne på plass
To nye postar er no på plass, ein på Viahøi , på kanten ned mot Breidalsvatnet(sjå bilde t/v)
og ein ved brua i Hamserunda. Den tredje er allereie ved Hamsehytta og ein fjerde post vil
kome ved Kjerringtjørn om ikkje så lenge. Skriv deg inn i bøkene med dato, namn og gjerne klokkeslett. Kanskje kan vi også få til ei årleg trekning med ei lita overrasking, blant namna i
dei ulike bøkene.

Bodil Berge ved posten på Viahøi...


...og ved posten i Hamserunda
 
Øydelagd bru til hinder for trygg kryssing av elva

Den øydelagde brua inst i Hamsevika gjer det nesten umogleg å følgje stien til Danskehytta , eller ta Hamserunda utan å få problem her. Når elva går så stri som no, er det ikkje mykje som skal til før ein hamnar uti. Vi får håpe at noko kan bli gjort i år for å reparere den øydelagde brua.
  
Nytt frå :
Her kan de lese dei siste dokumenta frå Sjåk Kommune vedrørande reguleringa av hyttefeltet

 *  
 
 Reguleringsplan for Breidablikk-kart             
 *   
Endring av reguleringsplan for Breidablikk
 *    Melding om vedtak: Endring av reg.plan for Breidablikk 2010. Godkjenning i komm.styret.

      Kjekt å kunne studere hekkande             
       
tårnfalkpar på nært hald

For første gong har eg sett tårnfalk her i Breidalen. Ekstra
artig er det å følgje med på kurtisen, jakt på bytte og inntrengjarar og opphaldet deira ved reiret.
Bileta er noko uklare då eg måtte halde god avstand for ikkje
å uroe dei i særleg grad.   



 
                 Sjå fleire bilde her


Post1: Hamsehytta
Regnversdagen i påska vart nytta til ein tur til Post 1 i Hamsehytta. Bodil og Malvin Berge hadde fått "postkassa"
på plass, og små og store kunne skrive seg inn. Noko krøbelt var det å kome seg inn i hytta, men peisen varma og pølsene smakte godt. Eit triveleg alternativ for ungane!

 

 HAMSERUNDA!


Skulle ha meg ein snartur inn i Hamsedalen for å sjå nyebrua over elva. Gjekk innover frå hyttefeltet lengst vest i feltet. Håpa brua var lett å få auge på. Opp på høgda fekk eg auge på dette skiltet. Skjøna straks at her hadde nokon vore i "aktivitet". No var det berre å følgje merka løype vidare. Då eg til slutt kom nedatt på vegen inne i Hamsevika, var det skilta på begge sider av brua med "Hamserunda". Ei flott rute både for ein rask trim eller ein fin familietur.
Kom og ver med på runda !


No kan du krysse Hamsa tørrskodd!
Den etterlengta brua over Hamsa er no koma på plass. Mellom 1.-og 2.Hamsevatnet
har Alfred og Elias Sperstad og Tor Bruland bygd denne flotte trebrua. No ligg det til rette for å ta ein fin rundtur langs elva. Dette vart verkeleg kjekt for oss alle.

  Tor og Elias i fullt arbeid med brua

   Her testar Elias og Alfred "verket"

 
 Vi har sett "kroken" på døra!
Hamsehytta står no fram ferdig og klar til bruk for dei
som måtte ønskje å ta ein tur inn. Sidan siste dugnaden,
har nokre eldsjeler gjort ferdig peisen/pipa, golvet og døra.

Sjå siste bilda her!

 
 
Vellukka og triveleg tur til Knivsflå.
Sjå meir her!   
 
  

Nytt:
Ta med deg gode venner og prøv ut den fine plassen vi har i nærområdet vårt!                
 Sjå her!  

                                                
Snart framme
Fellestur til Knivsflå i Geiranger
søndag 8.august 2010
Hytteforeininga legg opp til ein fellestur til Knivsflå for interesserte medlemmer med familie og venner 8.august. Astrid og Kjetil Knivsflå er lommekjende i området og vert med og "losar" oss opp.
Oppmøte ved Geiranger Kai ved Turistinformasjonen.
Avreise  frå Geiranger kl. 09.30.
Det er høve til retur : kl.13.00, 16.00 og 18.30
For felles tinging av plass på M/S Geirangerfjord, ønskjer vi å få oversikt over talet på deltakarar innan 10 dagar før turen.
Send e-post til: erjoru-e@online.no ,eller sms/telefon til 97086194  eller 91588160 med namn og talet på deltakarar i ditt følgje.
VEL MØTT!
Sjå bilde og info om turen til garden Knivsflå her
Meir info:
http://www.geirangerfjord.no/



Forslag til endring av reguleringsplan for Breidablikk

NB:
Merknader til planen skal vere Skjåk kommune i hende innan 15.juni 2010
kommunevåpen
                   Sjå:    
 REGULERINGSPLANEN                  PLANKART
 Til hytteforeningane
Miljø- og næringsutvalet har nå vedteke eit førelegg til ein hytteeigar i Grotli med ulovleg vassforsyning.
Vedtaket kan ha allmenn interesse for hytteeigarane og det kan sikkert ha preventiv verknad dersom det
blir opplyst t.d. på heimesidene at det blir reagert på ulovleg vassforsyning.

Her er vedtaket:
Miljø- og næringsutvalet ynskjer å slå hardt ned på dei som bryt reguleringsbestemmelsane for Grotli m.o.t.
innlagt vatn, og vedtek at det blir utferdiga eit forelegg på kr. 15.000,- for brot på reguleringsbestemmelsane
for Grotli.

Vedtaket er gjort med heimel i § 114 i Plan- og bygningslova.
 skjåk kommuneSKJÅK KOMMUNE
         Per Dagsgard
         Leiar Plan, samfunn og Miljø
         T 61217022 M 9598994       
   
        Tru det eller ei, vi kom i mål!
 ferdig hytte        


            krans

Laurdag 5.september gjekk hytteforeininga sitt prosjekt med å restaurere Hamsehytta i mål innan den planlagde tida. No står det att kunn nokre "finjusteringar" som vi tek til våren. Resultatet vart kjempeflott, synest vi. Styret vil takke alle dei entusiastiske og dyktige medlemmene som har
teke del og gjort ein flott innsats for å få dette prosjektet
"i boks".
Knakande kjekt og sosialt har det forresten også vore! Vi ser fram til at dette kan verte ein triveleg møteplass i tida framover.
  Sjå bilda her



banner


helletak Flott
framgang på
dugnadsarbeidet.          

Dugnaden på Hamsehytta vart avvikla laurdag 22.08.09 i flott dugnadsver som tidlegare, og med mange frammøtte. Steintaket er no kome på plass. Laurdag 05.09.09 er det duka for ny innsats. Vi har sett oss som mål å få på resten av taket. Ta difor med spade, grafse og bytte. No skal det lempast mold og torv.

Sjå bilde frå dugnaden her



"MAKEOVER" på 1-2-3
Torsdag 6.august gjekk ein liten gjeng entusiastiske hyttefolk i gang med ein liten "makeover" på buda vår på parkeringsplassen. Det var langt frå "ekstrem oppussing" som vi ser så mykje av på TV, men resultatet vart bra. Litt knapt med beis, men resten kjem nok på om ikkje så lenge.
startenKvileEtter beising
           Før                            Dugnadsgjengen                     Etter

NB: Les brev frå fylkesmannen i Oppland: "Private vannposter i hytteområde"

OLA-BU, eit kjent og nytta turmål for mange i hytteområdet vårt.
Anna og Tor Bruland har skrive ned historia til denne hytta på heimesida til Skjåk Hytteservice. Sida er verkeleg verdt eit besøk så eg tillet meg å legge inn ei lenke dit:
OLA-BU

     utedo
    "Hyttedo til besvær"
Informasjon frå Skjåk kommune
Hytteforeininga vår har fått tilsendt eit info-skriv frå Skjåk kommune vedrørande vakumtoalett på hyttene. Skjåk Hytteservice har fått eit likelydande skriv som de finn på heimesida deira. Viktig at dei som har planar om nytt hyttetoalett ,eller som allereie har sett inn vakumtoalett les denne informasjonen.
Her er linken til skrivet


Vellukka dugnad igjen
Laurdag den 20.juni var det igjen duka for dugnad på Hamsehytta. Som tidlegare var vergudane på vår side, og arbeidet gjekk unna med liv og lyst. Det var ikkje så mange frammøtte som sist, men akkurat nok til at handteringa av dei tunge takåsane gjekk greitt.
God mat og drikke stod klart då karane tok ein velfortent pause. Då var det meste av arbeidet ferdig for denne gong."Trudde ikkje vi skulle kome så langt i dag," var ein av kommentarane.
Sjå fleire bilde her.

takåsane
 
firfisle           FIRFISLE

Firfisla ( Lacerta vivipara)er også å finne i Breidalen.
Firfisla er den eine av våre to norske øgler.
Den andre er stålormen. Dei er ikkje lette å få auge på
så det er som regel eit husdyr som får kloa i dei.
Denne kom katten vår med.1.juni.
Heldigvis gav han den godvillig frå seg.
Eg fekk så vidt knipsa eit par bilde før ho vart borte i graset.
Trur ho kom frå kattegapet  utan alvorlege skader.
Dette er første gongen i løpet av 20 år at eg har sett firfisle her i
Breidalen.                                                                                       
Dei er i følgje viltlova §3 freda.(fredingsprinsippet)





Medan våren gjer sitt inntog i Breidalen, er karane i Skjåk Hytteservice på oppdrag i Hamsevika. Sjå og les meir her

 langtransport
 
 NB:  Sjå forslaget til regulering av vegane i Breidablikk hyttefelt ved å klikke på kommunevåpenet. 
                                                                   kom.våpen    
                                     
                                Hamsehytta
         
           Bilde av Hamsehytta frå 1984-85
                                                        
Klikk her

 Per Dagsgard, leiar i Plan, samf. og miljø i Skjåk, har sendt oss dette biletet, kart og ei interessant historie knytt til Skomakarsteinen (ligg ved som pdf-fil). Plasseringa på kartet er berre omtrentleg, men steinen og varden er lett å finne, fortel Dagsgard. Kartet og historia finn du her.

Skomakarsteinen
                                                       Skomakarsteinen


        
          

                         Nok ein vellukka dugnadsdag !

             dugnad 3a-lite

Laurdag 06.09.08 gjennomførte hytteforeininga nok ein vellukka dugnadsdag på prosjektet vårt i Skomakardalen. Mange hadde funne vegen inn også denne fine dagen, og arbeidet gjekk unna. Dette vert nok siste dugnaden her inne på ei stund. Det vart litt mangel på steinheller, men under gravingsarbeidet på vegen, dukkar mange fine steinar opp. Desse vil vi prøve å samle saman og legge til side. Til våren kan vi få dei frakta inn med snøscooter saman med takåsane. Styret takkar alle frammøtte for god innsats. Her ser de siste bileta frå arbeidet.


 
                         
        To dugnadsdagar på Skomakargamma er unnagjort!

Etter første dugnaden som var 28.juni, såg det slik ut ved Skomakargamma.
dugnad 1a   
Les meir om dugnadsarbeidet her!
                     
Dugnadsdagar på Hamsehytta
Det vert dugnad på følgjande datoar: 28.juni, 16.august og 6.september med oppstart alle dagar kl.10.
Den første dugnaden 28.juni vert meir som ei synfaring/ planleggingsdag. Dei to andre i august og september blir dugnadsdagar med servering til dugnadsgjengen. Styret bed alle merke seg datoar og klokkeslett. Håper mange kan delta på ein eller gjerne fleire av dagane. Dette kan bli både sosialt og triveleg. Ta på deg dugnadshatten og møt opp!


Gjeldande reguleringsbestemmelser i Breidablikk hyttefelt Les her
Reguleringsplan for hyttefeltet (Kartet er i pdf-format så du treng Adobe Reader. Obs: Det tek lang tid å opne dette dokumemtet)

Reguleringsendring: Alle med tomter som det er bygd på, fekk stemmesetlar. 42 sende inn sine stemmer. Resultatet vart 35 for reguleringsendring 7 mot.

Når snøen legg seg så kvit og lett bort i bakken..
.  Kva med hyttene då?


Omsøkte midlar til restaurering  av Hamsehytta i boks!

På styremøtet i Norsk Kulturminnefond den 30.11.07  vart søknaden av 10.08.07 om tilskot til restaurering av Hamsehytta innvilga. Hytteforeininga skal ikkje ha utgifter utover det dei har søkt om. Dersom prosjektet viser seg å bli dyrare , vil kommunen prøve å finne andre tilskotskjelder.

Hytteforeininga sitt bidrag i dette prosjektet blir dugnadsarbeid. Her håper vi flest mogleg melder si interesse når det vert lyst til dugnad. Ein reknar med at arbeidet vil gå over 2-3 år. Somrane er korte her i Breidalen, men kanskje kan vi i 2008 greie å ta ned taket.

 Ønskjet er i alle fall at dette skal bli ein triveleg arena for fellesskap og  sosiale samkomer  både i arbeidsperioden og ved seinare høve.

For å vere litt i forkant: 
Er det nokon i hytteforeininga som har ein stubbebrytar? Det er vel eit godt hjelpemiddel  når taksteinane skal flyttast.
 PS: Ikkje farleg! Vi har fått låne ein stubbebrytar
.
Brøyting i hyttefeltet
Mange har merka seg og gitt uttrykk for dårleg brøyting i hyttefeltet. Dette har sin grunn i dårleg vêr og kapasitet. I  slike tilfelle vert nok ikkje denne brøytinga prioritert. I løpet av  månaden vil ein ny avtale mellom Mesta AS og Skjåk kommune vere på plass. Vi kryssar fingrar for at dette då vil kome i orden. Det har allereie kome ein god del snø i området.

Restaurering av Hamsehytta

Hamsehytta vart bygd i dei første åra det var fjellstugumann ved Grotli rundt 1840-60. Ho er etablert av den norske stat som husvære for reisande over fjellet til Geiranger. I 1860-åra vart Grotli fjellstugu bygd og i  1906 Grotli høgfjellshotell. Litt lenger nede ligg Heillstugu som eit sælehus frå middelalderen. Ein finn såleis i dette område fire generasjonar av   overnattingshus på fjellovergangen. Les meir         

             Ved Hamsehytta

Til toppen av sida